Skriv med sansane!
Dine 5 hemmelige
SUPERKREFTER
Skriv med sansane!
Dine 5 hemmelige
SUPERKREFTER
Eg meiner bestemt at alle kan bli betre til å skriva.
Ein av nøklane til å skriva meir levande er å bruka dei gåvene eller superkreftene du alt har.
Eg snakkar om sansane.
Me har alle sansar, det er berre å ta dei i bruk. Dette kurset er laga for deg som vil skriva meir sanselig og levande.
Du får praktiske og kjekke arbeidsoppgåver undervegs i kurset, som utfordrar deg til å jobba med ein sans om gongen. Kurset gir deg Inspirasjon til å bli meir nyfiken på dei dagligdagse tinga du har rundt deg.
Som ein liten karamell på slutten vil du vil få ei rå utfordring til å praktisera det du har lært i kurset!
Tek DU utfordringa, kan det vanka ein premie! Heile 10 personar vil vinna tilbakemelding på teksten sin i form av ein samtale med meg.
Praktiske detaljar:
Skriv med sansane var mitt gledelege lyspunkt i ein merkeleg Koronasommar. Ein genistrek å ta utgangspunkt i sansane i skriveprosessen. Denne metoden klarte å lure meg rundt skrivesperrebommen som var sikra med tre hengelåsar.
Skrivekurset er ei oppmoding om å lukte og smake på livet, om vere til stades her og no. Eg likar dei små koselege videoane med ein smilande forfattar i den blomstrande trädgården sin. Dei korte enkle oppgåvene har åpna dører inn til mange historiar som ventar på å verte skrivne.
Eg er glad eg oppdaga dette kurset til Ingelin på Facebook. Tenkjer eg har fått veldig mykje for pengane. Ingelin deler generøst av sine erfaringar og kloke tankar. Ho er eit ekte menneske, og ein ekte forfattar.
Skriv med sansane er G L E D E !
Karin Vatne, skrivande menneske
Er dette eit kurs for DEG?
Når folk seier at ein må bli betre til å skildra, er det djupast sett koplinga mellom sansar til minner og assosiasjonar dei siktar til.
Den gode nyheita er at dette kan du læra deg!
Det å skildra er nemlig litt som å krydra ein matrett. Du må smaka til maten under vegs, litt om gangen. OG blir det ein for hot chilli con carne? Ja, då kryddrar du mindre neste gong. Du må altså øva.
Bli meir merksam på det du sansar
599,- NOK
Nei, eg kjem ikkje til å snakka masse om kor råbillig dette er.
Du kjenner innsida av både lommeboka di og hjarta ditt sjølv.
Kjøp kurset viss du treng det, og kjenner at du har tid til å fullføra det.
Viss du er klar for å sleppa laus dei 5 superkreftene i skrivinga di.
Klar til å spenna bogen stramt og sikta orda dine rett i hjarta på lesarane.
LITT OM MEG:
Mitt namn er Ingelin Røssland. Eg er fødd på Tysnes i Sunnhordland og debuterte som 22-åring på Det Norske Samlaget med romanen Viss du vil i 1998. Eg er utdanna skodespelar, journalist og dokumentarfilmregissør, og har jobba i fleire lokalaviser og i NRK.
Eg har gitt ut 20 bøker i ulike sjangrar, både for barn, ungdom og vaksne. For desse bøkene har eg vunne fleire prisar, mellom andre Uprisen for romanen Handgranateple, ei bok som også blei omsett til tysk. Andre språk eg er omsett til er fransk, engelsk, dansk, færøysk, serbisk og sørsamisk. Det lengste orda mine har reist er til Kina, der barn kan lesa godnatthistoriar eg har skrive.
Skriv med sansene har vært en øyeåpner for meg. Jeg har brukt det jeg har lært til å gjøre manuset mitt bedre. Har fått gode tilbakemeldinger fra pilotleserne på manuset etter at jeg ble ferdig med kurset. Anbefaler sterkt!
Noshin Saghir, skribent
Ingelin formidler så fint, så lekende og lett, så engasjerende uten å være masete. Jeg blir glad av måten hun formidler og inspirerer på.
Kari Anna Sandvik, daglig leder Alvens
Kurset har gitt meg ei skikkeleg oppvakning. Å skrive med hjartet kan gjere alle tekstane mine betre. Om eg får det til kvar gong, i kvart kapittel, er eg ikkje sikker på, men eg prøver i alle fall
Tordis Lunde, skrivande menneske