Novelle på 48 timar!

Ein skriveprosess kan vera kort og gi kjappe resultat.

Eit skrivekurs treng ikkje kosta det kvite i auga

for å ha effekt!
 

 


Eg debuterte som forfattar i ein alder av 22 år, med ein roman som heit Viss du vil. Denne romanen var ikkje det første eg skreiv og hadde fått publisert. Eg hadde øvd meg på korte historiar, eventyr og noveller frå eg var 10-12 år. Då eg var 16 og 17 år, vann eg to novellekonkurransar på Gyldendal Norsk Forlag, og som ein del av premien fekk eg novellene I same båt og Ein hage i ein mage publisert i antologiane Svart salt og gule toner og Saftbobbler.  Eg kan med andre ord takka novella for at eg blei ein publisert romanforfattar i så ung alder.
 

No ønskjer eg det same for deg.

​At novella skal gi deg kraft og sjølvtillit. 

Kanskje blir du så glad i novella at du skriv ei heil samling? Kanskje du får publisert ei novelle i eit vekeblad eller ein antologi? Kanskje du vil starta ein blogg der du publiserer dine noveller sjølv? Kanskje du når opp i ein novellekonkurranse? Eller kanskje novella gir deg trening og kondis til å begynna på og fullføra ein roman?
 

Spørsmåla og moglegheitene er mange, og dette kurset vil gi deg ein god start!
 

Alt du treng for å fullføra kurset er at du klarar å skjerma 4 timar rein skrivetid over 2 dagar.


 

KURSET er online og du har tilgang til modulane i 6 månader frå du kjøper kurset. Grunnen til at du berre har det i 6 månader, er at du ikkje skal la det bli liggande. Eg vil tvinga deg til å bruka kurset med det same!
 

 

  • MODUL 1: 
    VELKOMMEN OG LITT TEORI
    Her får du litt teori og gode tips på vegen, når du no skal skriva ei novelle på 48 timar.

     
  • MODUL 2:
    DAG 1
    Gjennom 5 videoar følgjer du skriveprossesen første dag.
    Er ideen din god nok?
    Har du rett synsvinkel?
    Vågar du å sjå nøye på ideen din før du set i gang?
    Vågar du å endra? OG kanskje snu heilt?
    Finn du stemma di og stemningen for nett denne historia?

     
  • MODUL 3:
    MELLOMROMMET
    Den første skriveøkta på 4 timar er over, no skal arbeidet du har gjort få marinera til neste skriveøkt.
    Her får du tips til aktivitetar og ting du kan gjera for å opna deg opp og gå djupare inn i prosessen.
    Du vil kanskje bli overraska over kor kraftfull rett kvile er for skrivinga di.
    Som skrivande menneske er det du som er instrumentet, lær deg å ta vare på og stemma instrumentet med ledighet.

     
  • MODUL 4:
    DAG 2: 
    Gjennom 3 videoar følgjer du andre skriveøkt som også er på 4 timar.
    Vågar du å kasta alt frå i går og begynna på nytt, viss noko skurrar?
    Korleis sjekka at du har forteljarstemma på plass?
    Klarar du å fullføra?
    Kvifor stressar eg deg på at du skal FULLFØRA framfor at resultatet skal vera av GUDOMMELIG kvalitet?

     
  • MODUL 5:
    RESULTAT OG VEGEN VIDARE
    Å skriva ei novelle på 48 timar er ei erfaring. For å læra av erfaringane er det lurt med ei lita evaluering.
    Trykk på knappen "FULLFØRT" og la meg få hylla deg!
    Korleis gjekk det?
    Kva var vanskelig?
    Syns du at du fekk det til?
    Feiring uansett korleis det gjekk!
    Kva er vegen vidare for deg no?

 

 

     Den einaste oppgåva du får i dette kurset, er å setja av 2 skriveøkter på 4 timar kvar, fordelt over 2 dagar. Du får innblikk i praktisk forfattararbeid gjennom at eg gjer kurset saman med deg gjennom videoane. Problem og vanlige utfordringar i skriveprossessen blir teke opp og diskutert undervegs i kurset.
 

Som ein liten karamell på slutten vil du bli invitert til ei samling på zoom der me diskuterer noveller, skriving og du kan stilla spørsmål. Når du har fullført kurset og novella di, trykker du rett og slett på ein knapp der det står FULLFØRT og så kjem du på invitasjonslista!

 

 

 

 

Praktiske detaljar:

 

  • Du vil får tilgang til heile kurset straks du har meldt deg på.
     
  • Straks du har meldt deg på, får du ein e-post av meg med innloggingsdetaljar. Ta vare på denne e-posten, det er gjennom den lenken eg sender deg at du loggar deg inn i kurset.
  • Du har tilgang til kurset i 6 månader frå den dagen du har kjøpt det.
  • Du vil bli invitert til ei live samling via zoom der du kan stilla spørsmål og me snakkar om noveller og skriveprosess. Eg set opp samlingar, når eg ser gjengen har kome i gang med kurset. Du trykker på ein knapp der det står "FULLFØRT", for å gi meg beskjed om at du har gjort kurset og er klar for samling.
  • Dette kurset har inga Facebookgruppe, du må gjennoføra på eiga hand. Dette blir også ei fin øving for deg i å fullføra noko, utan at nokon held deg i handa heile vegen. Å fullføra eit løp åleine, er noko skrivande menneske treng å vera god på.
  • Viss du vil, kan du legga til medlemskap i fellesskapet "Skrivestovo", med spørsmål og svar-sendingar kvar veke og daglige tips for å ta deg vidare i skrivinga di. Dette fellesskapet er for deg som er heilhjarta og verkeleg vil gunna på i skrivinga di framover.
     

 

Er dette eit kurs for DEG?

 

  • Ja, viss du elskar å skriva og vil skriva enno betre.
     
  • Ja, viss du treng hjelp til å fullføra tekstar.
     
  • Ja, viss du synest det er vanskelig å finna tid til å skriva.
     
  • Ja, viss du har mange historiar inni deg, men ikkje veit korleis du skal begynna for å få dei ut.
     
  • Ja, viss du ønskjer å utforska di eiga forfattarstemme.
     
  • Ja, viss du berre er nyfiken på korleis ein skriveprosess verkeleg kan sjå ut, for desse videoane er dønn ærlige og i prosess. Eg underviser ikkje frå det trygge etterpålandet, men midt i skrivinga.
     
  • Ja, viss du treng tips til korleis du kan ta vare på det mest verdifulle i livet og skrivinga, nemlig deg sjølv!
     
  • Nei, viss du berre er ute etter kjappe og universelle løysingar
     
  • Nei, viss du har ein tendens til å kjøpa kurs du ikkje fullfører.
     
  • Nei, viss du alt skriv som ein superhelt og har både bøker og prisar under vesten!

 

My short stories are like soft shadows I have set out in the world, faint footprints I have left. I remember exactly where I set down each and every one of them, and how I felt when I did. Short stories are like guideposts to my heart.


Haruki Murakami, japansk forfattar

Pris

 

399,- NOK

 

   

 

 

Nei, eg kjem ikkje til å snakka masse om kor råbillig dette er.

Du kjenner innsida av både lommeboka di og hjarta ditt sjølv.

Kjøp kurset viss du treng det, og kjenner at du har tid til å fullføra det.
Viss du er klar for å gi gass i 48 timar.

Klar til å spenna bogen stramt og sikta orda dine rett i hjarta på lesarane.

 

 

LITT OM MEG:

 

Mitt namn er Ingelin Røssland. Eg er fødd på Tysnes i Sunnhordland og debuterte som 22-åring på Det Norske Samlaget med romanen Viss du vil i 1998. Eg er utdanna skodespelar, journalist og dokumentarfilmregissør, og har jobba i fleire lokalaviser og i NRK.

 

Eg har gitt ut 20 bøker i ulike sjangrar, både for barn, ungdom og vaksne. For desse bøkene har eg vunne fleire prisar, mellom andre Uprisen for romanen Handgranateple, ei bok som også blei omsett til tysk. Andre språk eg er omsett til er fransk, engelsk, dansk, færøysk og sørsamisk. Det lengste orda mine har reist er til Kina, der barn kan lesa godnatthistoriar eg har skrive. Sjølv om eg er mest kjent som romanforfattar, kjem eg alltid tilbake til novella og det er novellene som har reist lengst ut i verda og rørt mest.